31.07.2013

Ubibelsk sludder i Norge IDAG.

Fra Idag.no/
30. juli 2013.

(Debatt): Det er trist at Norge IDAG formidlar falsk trosforkynning som gjer narr av Jesus Messias og dei som trur på Han.

Her er det som står på trykk om Yonggi Cho under ei vitjing til Livets Ord i Uppsala: "Han brøt forbannelsen, så du i dette livet kan være fri, ha helse, ha økonomisk overflod. Du er ikke lenger en synder! Gjennom Den Hellige Ånd er du helliget og helbredet"

Dette er med respekt å melde ubibelsk sludder i namnet til "Jesus". Det strir mot Bibelen, og er eit hån mot livet og trua til menn som Stefanus, Johannas døyparen, Paulus, og alle apostlane til Jesus Messias. Ingen av dei levde i "økonomisk overflod". Somme døydde svært unge, alle vart forfulgte og leid martyrdøden.

Vidare står det at Yonggi Cho har gjort ei pakt med ein engel av "gud" om at han skal bli 100 år.

" Han fortalte at han er alvorlig syk og at prognosene i utgangspunktet er dårlige. - Men jeg sa til djevelen: Jeg er frisk og jeg har helse og styrke i Kristus".

Dette er greske oldtidsfilosofi i moderne språkdrakt. Ideen om at menneske har same makt som Gud, kan skape og snakke ting inn i tilværet. Dette er "name it and claim it", teologien til vranglærarar som Kenneth Hagin, Benny Hinn, Ulf Ekman og Kenneth Copeland.

Det er sterkt beklageleg at Norge i DAG ukritisk gjev slik gnostisisme spalteplass. Norske kristne media må påtale slik vranglære, og åtvare lesaren om dei er i ferd med å bli forførte til å følgje ein "annan Jesus, ta i mot ei anna ånd, og spreie eit anna evangelium". 2.Korinterbrev 11:4

Av Ivar Fjeld
30.07.2013 15:41
------------------------------------------------------------------------------------------
Se desuden: HERREN kvalifiserer dei Han kallar.